Bokomslag Den stille leieboeren

Den stille leieboeren

Forfattar:
Clémence Michallon
Omsetjar:
Morten Hansen

I fem år har Rachel vore heldt som fange i eit skur av Aiden, ein far og enkemann som bortfører og drep kvinner. Ho veit at einaste måten ho vil overleve på er å overtyde han om ta ho med når Aiden og dottera skal flytte. Det gjer han, og presenterer ho for dottera Cecilia, som ein fåmælt, perifer kjenning som held seg for seg sjølv. Vil Rachel overleve og klare å rømme? Dette er ein psykologisk krim som er ei uhyggeleg, intens og særs spanande historie om ein kamp på liv og død.

Omtalen er skrive av Øystein på Bømlo folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne