Omslag av Den fantastiske bussen av Jakob Martin Strid

Den fantastiske bussen

Forfattar:
Jakob Martin Strid
Omsetjar:
Håkon Viggen
Illustratør:
Jakob Martin Strid

Endeleg er Jakob Martin Strid sitt meisterverk “Den fantastiske bussen” oversatt til norsk! Boka vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2024, og forfattaren sjølv har jobba med boka i over 15 år. Boka er på heile 202 sider, veg 2,5 kilo og alt i boka er teikna for hand.

I byen Ahnstarr vert heimane i dei fattige bydelane rive og vesle Timo, han er sjuk og treng ein magisk medisin. Dette får bebuarane til å gå saman for å skapa eit nytt liv for alle. Med kreativitet, fantasi, kunstens og samhaldets kraft bygger dei “Den fantastiske bussen” og reiser avgarde.

“Den fantastiske bussen” er ei fantastisk reise, også for lesaren – den vaksne såvel som barnet. Her finn ein samfunnskritikk, referansar, absurditet, humor og mykje fantasi blanda inn i ei spennande historie. Korleis går det med vesle Timo til slutt?

Meldinga er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til barn,
Høgtlesing