Den dagen Nils Vik døydde
- Forfattar:
- Frode Grytten
Nils Vik legg ut på den siste ferda si med båten han har brukt til å frakta folk over fjorden heile livet. Han veit at han skal døy denne dagen. På vegen over fjorden minnest han mange av dei han har frakta over fjorden, ikkje minst kona si, Marta, som var og er den store og einaste kjærleiken. Den dagen Nils Vik døydde er ei stille og varm bok om døden, men mest om livet og kjærleiken. Frode Grytten er ein særs verdig vinnar av Brageprisen for skjønnlitteratur for denne boka.
Omtalen er skriven av Sogndalsbiblioteka.
Ei nydeleg bok om skyssmannen Nils Vik si siste reis. Her treffer vi mange av dei han har skyssa over fjorden med deira histore. Det er ei hyllest til det kvardagslege og det alminnlege. Alle har ei historie å fortelja.
Omtalen er skrive av Astrid på Bømlo folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok