Dei sju dørene
- Forfattar:
- Agnes Ravatn
Heimen til førsteamanuensis Nina Wisløf må rivast for å gjere plass til den nye traséen til Bybanen. Ho ektemannen Mads, som er helsebyråd i Bergen må dermed ut på husjakt. Under leitinga forsvinn brått leigebuaren deira, ei åleinemor som etterlet seg ein liten gut. Politiet legg raskt vekk saka, men Nina vel å etterforske saka sjølv. Det ho finn ut er sjokkerande.
Dei sju dørene er ein drivande, spanande og humoristisk roman med eit godt persongalleri, og utan den “vanlege” etterforskaren. Mang ei overrasking ventar.
Omtalen er skriven av Øystein på Bømlo folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok