Bokomslag Då Ivan Iljitsj døydde

Då Ivan Iljitsj døydde

Forfattar:
Lev Tolstoj
Omsetjar:
Geir Pollen

Lev Tolstoj er eit kjend namn for mange, og han vert rekna som ein av dei store forfattarane i verdslitteraturen. Verk som Krig og fred og Anna Karenina er del av ein litterær kanon, men kan verke avskrekkande i lengda for dei som nett skal gje seg i kast med ein av dei store russiske forfattarane. Ønskjer du ein liten smakebit, då kan Då Ivan Iljitsj døydde vere ein stad å byrje. Historia er skrive etter forfattarens andelege krise, og gjev eit noko mørkare innsyn i mennesket sin natur.

Kortromanen om Ivan Iljitsj innleiar med sjelsmessa til den nyleg avdøydde Ivan Iljitsj. Det er fort klart at dei rundt han er meir opptekne av kva dødsfallet betyr for eigne liv og karriere, enn dei er tynga av sorg for ein gamal ven. Boka tek så eit steg attende i tid, og vi følgjer Ivan medan han ligg for døden. På under 100 sider gev Tolstoj oss eit nådelaust innblikk meininga med livet i møte med døden – og det gryande, håplause spørsmålet: Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle?

Tipset er gitt av Ylva, Bremanger folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok