Bokomslag Blakk

Blakk

Forfattar:
Jens Kihl

I bokserien “Norsk røyndom” skriv eit knippe kjende forfattarar om emner som berører dei, og problemstillingar som er ein del av kvardagen vår. Siste tilskot på stammen er boka “Blakk” av Jens Kihl, som skriv om sine opplevingar av å vekse opp med mindre pengar enn andre. Som han seier, så vaks han ikkje opp i ein fattig familie, berre i ein familie som hadde litt mindre enn andre på 80- og 90-talet. Kihl reflekterer godt og personleg rundt desse erfaringane, og set dei i samanheng med den økonomiske situasjonen mange familiar opplever å stå i idag. Korte kapittel, nesten som petitar, utgjer dei knappe 90 sidene, men dei velformulerte og ettertenksame tekstane gjer at boka sit i lenge etterpå.

Dette er berre ei av bøkene i serien, sjekk gjerne kva andre titlar vi har i denne serien.

 

Boka er anmeldt av Janne Mari – Stad bibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne