Bakeriet i Brooklyn
- Forfattar:
- Ellen Vahr
Bakeriet i Brooklyn er andre bok i Ellen Vahr sin kritikarroste trilogi om bakerdottera Thea frå Kampen, som reiser til Amerika for å arbeida for den velståande Vanderbilt-familien.
Livet tek etter kvart ei anna vending, og ho bestemmer seg for å satsa alt og opna eit bakeri i Brooklyn, med dei oppturane og nedturane det inneber.
Denne boka er eit fascinerande møte med rikdom for 100 år sidan, og jazzen som fylte dansesalane i New York på denne tida.
Forfattaren har skrive denne triologien med inspirasjon frå då hennar eiga bestemor reiste til Amerika under første verdskrig, og det ho opplevde der.
Boktipset er krive av Reidun på Fitjar folkebibliotek.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok