Bokomslag med teikna blomar og humler.

Astrid Løken. Å slåss med varsomme hender

Forfattar:
Lene Ask
Illustratør:
Lene Ask

Ei spennande og annleis fortald historie frå krigen: Astrid Løken vart ein del av leiinga i etterretningsorganisasjonen XU, og levde i dekkleilighet for å skjule spora sine. Om somrane, under dekke av å vere på feltarbeid for å studere humler, kartla ho alt av veger, stiar og terreng som kunne ha interesse for dei allierte.

Gjennom tekst, levande akvarell og ein vâr blyantstrek, fortel og viser kunstnar Lene Ask livet til Astrid Løken frå våren 1940 og framover. Ein teikneseriedokumentar for unge og vaksne.

Omtalen er skriven av Marthe, Gloppen folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til ungdom,
Boktips til vaksne,
Teikneserie