25 småfugler du kan perle!
- Forfattar:
- Jenny Jordahl
- Illustratør:
- Jenny Jordahl
Set deg godt til rette framfor glaset, finn fram nabbiperlene og set i gong.
I denne boka kombinerer Jenny Jordahl to interesser: fuglar og perling. Forfattaren viser fram 25 av dei vanlegaste småfuglane våre. Kvar fugl har fått ei dobbelside. Den eine sida har humoristiske teikningar og faktaopplysningar om arten, den andre sida har eit godt mønster som ein kan perle etter.
Perler + Fugler = Perlevenner
Boktipset er skrive Ann-Kristin, Gloppen folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn,
- Boktips til vaksne