Doppler
- Forfattar:
- Erlend Loe
Inspirert av NRK sin leseklubb, tok eg opp at Doppler etter mange år. Boka som handlar om Andreas Doppler som etter eit fall på sykkel flyttar ut frå sin familie og ut i skogen, rett utanfor Oslo. Han har nettopp mista sin far, han tek eit oppgjer med flinkheita og får ein elgkalv som besteven. Erlend Loe si fyrste bok om Andreas Doppler er underhaldande, morosam, smått absurd, lett irriterande og tankevekkande. Eg synes boka er like god no som for 20 år sidan og utfordringar Doppler kjenner på, er like gjenkjennelege i dag.
Omtalen er skrive av Øystein på Bømlo folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til ungdom,
- Boktips til vaksne,
- E-bok