Myren
- Forfattar:
- Arnaldur Indridason
- Omsetjar:
- Silje Beite Løken
Myren av Arnaldur Indridason kom ut på norsk i 2004 – det er med andre ord ikkje eit rykande fersk lesetips i denne omgang.
Det har likevel noko for seg å plukke opp ei aldrande bok frå hylla i ny og ne.
I Myren møter vi etterforskarduoen Erlendur Sveinsson og Sigurdur Oli. Allereie på første side står dei på åstedet til eit drap – ein eldre mann slått ihjel i si eiga leiligheit med eit askebeger. På åstedet finn dei bilete av ei barnegrav, og ein mystisk lapp. Slik byrjar ei klassisk krimforteljing. Vi møter eit litt dystert Island, og eit persongalleri der mange slit med tunge problem. Politihelten vår er og ein stereotypisk sliten politimann, glad i flaska og ukonvensjonelle metodar.
Myren er på sitt beste når den dykker tilbake i tid, og mysteriet tek form over fleire tiår. Og sjølv om Erlendur er en erketypisk litt forfylla detektiv, så tek han oss med på eit godt samanvevd mysterium. Boka er ikkje for dei som likar mykje action, men om ein liker eit truverdig persongalleri, eit godt mysterie, og vakre skildringar av Island – prøv denne.
Og om du likar den – då er det mange andre bøker som ventar på biblioteket!
Tipset er skrive av Ylva, Bremanger folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne
