Er det vanskeleg å forstå kva som er bakgrunnen for krigen? Lær meir her.
Djupt tragisk. Dei orda kan brukast for det som skjer i Ukraina. Er det vanskeleg å forstå kva som er bakgrunnen for krigen, og lurar du på kva du skal seie når barn er uroa over det dei får med seg? Denne artikkelen handlar om nokre sider ved invasjonen, og tips til korleis du kan snakke med barn om krig.
I reportasjar ser vi eksplosjonar og menneske som søker ly i tilfluktsrom eller flyktar. Vi høyrer flyalarmar og drønn frå bomber, og vi får vite at soldatar på begge sider og sivile ukrainarar er drepne. Sjølv om Ukraina har vore i nyheitene lenge, kan det vere behov for meir informasjon om omgrep i konflikten med Russland, og her får du nokre forklaringar på viktige ord for å forstå Ukraina-krigen (framtida.no).
Kamp om å få fram informasjon
I denne krigen, likt som i andre krigar, kan styresmakter og andre dele sitt syn i form av einsidig propaganda. I ein konflikt kan det vere eit problem at kjeldene presenterer falske bilde av kva som skjer. Til dømes er dei russiske massemedia strengt kontrollerte, og dei fortel lite om krigens gru.
Det kan vere vanskeleg å søke etter kjelder med sakleg og balansert informasjon. I denne artikkelen får du tips til korleis du kan vurdere informasjonen kritisk: “Slik vurderer du informasjon om krigen i Ukraina” (faktisk.no)
Det er eit brokete bakteppe for det dårlege forholdet mellom dei to naboane. Den norske Helsingforskomité har sett på nokre påstandar om Ukraina frå styresmaktene i Russland (framtida.no).
Krig og redsel
Både barn og vaksne i Ukraina opplever traumatiske hendingar, som vil påverke dei i lang tid framover.
Sjølv om vi her i landet er i trygg avstand, kjenner mange på frykt. Vi er usikre på kva som vil skje i krigshandlingane og med auka opprusting i Europa. I Noreg og andre land er særleg barn sårbare for dei sterke inntrykka, mellom anna frå filmar frå krigen, som kan gje dei ei kjensle av å vere utrygge. I denne artikkelen frå Redd Barna blir det anbefalt å ta barna på alvor, bruke ord dei kan forstå og ta seg tid til å snakke om det som skjer; “Slik snakker du med barn om krig” (reddbarna.no). Barn kan ha mange spørsmål, og i eit innslag på Supernytt forklarar ein til barn om denne krigen; Ekstrasending. Krigen i Ukraina. Supernytt (nrk.no).
Eit anna poeng er at barn og vaksne som bur her no, men kjem frå krig i andre land, kan oppleve at dei vonde kjenslene kjem tilbake når dei ser det som skjer.
Halmstrå for fred?
I denne situasjonen er det vanskeleg å sjå teikn til at partane kan finne politiske løysingar, sjølv om ein har begynt med samtalar på grensa til Kviterussland. Det er sterkt å håpe at dei kan oppnå framgang.
Pengar til naudhjelp er svært velkomne, via Raude Kors eller andre organisasjonar. Regjeringa sender humanitær hjelp, men også våpen og militært materiell. Våpena skal hjelpe dei med deira legitime rett til å forsvare seg, seier utanriksministeren. I tillegg vert det innført sanksjonar mot Russland.
I eit program på radio om samhandling i Kirkenes mellom norske og russiske naboar, vert det sagt at ein fordømmer Russland sine handlingar, men ikkje det russiske folket; Ekko-gjenhør, 01.03.22 NRK radio (nrk.no). Det er å håpe at fleire i landet vil få augo opp for at denne krigen er eit stort mistak, og at dei på ulike måtar kan vise at dei er ueinige med styresmaktene, trass i stor fare for å bli arresterte. Er dei mange nok og står saman, kan dei vere med på å påverke til at Russland trekker seg ut.
Det kjem forslag om at vi bør støtte desse stemmene gjennom grasrotorganisasjonar i Russland, til dømes ved å betale bøtene deira og gje asyl til soldatar som vil desertere, som vi kan lese om i denne artikkelen: “Ned med våpnene” (agendamagasin.no).
Tekst av Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland