Gratis turglede på app

Likar du også å «samle» på turar? Visste du at det no finst ein eigen tur-app for barn, at SjekkUT er blitt ein del av UT-appen og at du kan jakte på fjell i heile landet med Fjelltoppjakten? Her får du dei nyaste tipsa om gratis tur-appar.

Digitale turpostkassar

Å registrere turane sine og dele opplevingane er både motiverande og gøy. I koronatida har enno fleire fått auga opp for tur-appar og nye tilbod har dukka opp.

SjekkUT i UT

SjekkUT er blitt ein del av den nye UT-appen. Du kan «sjekke inn» som før, i tillegg til at du no kan registrere besøk på alle hytter og stader, ikkje berre DNT sine hytter og turpostar. Her er lister med turmål som du kan “følge” eller melde deg på. Slik får du oversikt over kor mange mål du har besøkt (til dømes i din eigen kommune), delta i konkurransar osb. Du må ha mobildekning/nett for å registrere besøk, men om du opnar appen i forkant og aktiverer kartet med staden du skal til kan du «sjekke inn» utan nett (Det blir jobba med ei løysing for å registrere besøk uavhengig av dekning og nett).

For å få med deg tidlegare innsjekkingar og lister du har meldt deg på, kan du lage brukarkonto på UT med same e-postadresse du har brukt i SjekkUT.  Les meir om den nye UT-appen her (ut.no)

Last ned UT-appen for iOS (iPhone)

Last ned UT-appen for Android

Barn som leser i Dagsturhytta
Leah 9 år, likar å sjekke inn på ulike turmål og samle poeng. Her på Dagsturhytta Fjordblikk i Masfjorden.

Sjekk inn på Dagsturhytta

Hugs at du også kan «sjekke inn» på Dagsturhytta med UT-appen. Dagsturhyttene med nynorske turbibliotek er opne for alle å besøke. Det ligg ei i kvar kommune i tidlegare Sogn og Fjordane, og hyttene er komne i ei rekkje av kommunane i tidlegare Hordaland i løpet av det siste året. Sjå oversikt over alle hyttene og planlagde hytter her (vlfk.no)

Les meir om Dagsturhytta og turbiblioteka her (vlfk.no)

 Å jakte fjelltoppar

Appen Fjelltoppjakten er utvikla av to IT-nerdar (i følgje dei sjølv) som i utgangspunktet ønska å motivere fleire til å besøke fjelltoppane i Bergen. Dei starta for eit år sidan med sytti fjell. Responsen har vore så entusiastisk at dei har halde fram med dugnad og seine kveldar for å utvikle appen. No kan du registrere deg på seks tusen toppar i heile landet, og appen blir stadig utvida. Det er mogleg å sjekke inn utan mobildekning/nett. Du kan samle poeng for toppane alt etter grad av tilgjenge, i tillegg til å samle på fjelltoppar. Du kan også laste inn bilde når du sjekkar inn som visar temperaturen der du er. Her er lister over kven som har samla flest poeng og fjelltoppar, og du kan også lage ei eiga vinnartavle med opp til ti vener.

«Vi får stadig tilbakemelding om at nokon har brukt appen til å gå på flotte toppar dei ikkje visste om», seier Ivan Lè Hjelmeland som er ein av dei som står bak appen. «Målet er å framleis motivere fleire til å bruke fjella våre, og gjerne planlegge nye stader ein vil gå i Noreg».
Her kan du sjå ein film om korleis Fjelltoppjakten fungerer (facebook.com)

Last ned Fjelltoppjakten for IOS (iPhone) og Android her

Stolpejakten

Stolpejakten er ein annan gratis app der ein kan samle stolpebesøk og klatre på lister og poengtavler. Stolpane er spreidde over heile landet og har ulik grad av tilgjenge. Opplegget er laga for at alle skal kunne vere med, uansett alder og funksjonsevne. Stolpane har ein QR-kode du kan registrere med appen, eller du kan registrere dei på nettstaden. Det er også mogleg å registrere stolpebesøk manuelt på fysiske kart. Du får lodd for kvar stolpe du besøker, og kan vinne premiar som varierer alt etter samarbeidspartar i ulike delar av landet. Sjå ein film om Stolpejakten her (YouTube)

Foreningen Stolpejakten står bak. Målet er å bidra til auka fysisk aktivitet blant folk flest i heile landet.

Last ned Stolpejakten for iPhone her
Last ned Stolpejakten for Android her

 

Bilde heading: Jølster. Foto: Vestland fylkeskommune. Fotograf: Morten Wanvik
Bilde i artikkel: Frå Dagsturhytta Fjordblikk i Masfjorden. Foto: bibliotekutvikling Vestland
Tekst: Lena Jensen Glesnes, bibliotekutvikling Vestland