Velg en side
Frå ditt lokale bibliotek har du tilgang til dokument for allmenta i Noreg som er lagra av Nasjonalbiblioteket. Med ein enkel søknad kan du sitje på biblioteket og bruke dokumenta til forsking og dokumentasjon.

Korleis?

Du må søke om tilgang ved å logge deg på tenesta med din Feide-id eller MinID.
Du får tilgang til dokumenta med strømming, og må vere i biblioteket for å nytte tenesta. Tilgangen varar i 8 timar. Du kan ikkje laste ned eller vidareformidle materialet.

Kva er pliktavlevert materiale?

Fysiske og digitale dokument som er gjort tilgjengelege for allmenta i Noreg, blir digitalisert og bevart av Nasjonalbiblioteket etter Pliktavleveringslova. Føremålet er å bevare og gjere tilgjengeleg vitnemål om norsk kultur og samfunnsliv som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når:
– Eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins
– Informasjonen i dokumentet vert gjort tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling eller liknande

(Pliktavleveringslova, §3)

Kvifor får eg tilgang på denne måten?

Forskrift til åndsverkloven gir digital tilgang til pliktavlevert materiale for forsknings- og dokumentasjonsformål i norske folkebibliotek, Stortingsbiblioteket, Sametingets bibliotek og andre offentlige bibliotek. Nasjonalbiblioteket kan gi tilgang til pliktavlevert materiale gjennom lisensar. Difor må du som brukar søke om tilgang, identifisere deg og stadfeste at du skal nytte materialet til forsking eller dokumentasjon.

Her finn du meir informasjon om tilgang til pliktavlevert materiale frå Nasjonalbiblioteket.

Sjå ein litan film om å låne pliktavlevert materiale her:

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close