Velg en side
Store norske leksikon er eit gratis oppslagsverk skrive av fagfolk med artiklar på nynorsk og bokmål.

Målgruppa for leksikonet er skuleelevar og alle andre som ønskjer å sjekke faktaopplysingar. Til dømes kan ein ofte ha behov for å kontrollere informasjon ein har funne på nett.

Målet med Store norske leksikon (SNL) er kunnskapsformidling. Det er lagt stor vekt på klart språk og universell utforming. Artiklar om typiske skuletema, som til dømes ‘demokrati’, vert skrive slik at dei passar med alderen eleven eller studenten er i når dei får temaet på læreplanen.

Utsnitt frå Store norske leksikon

Store norske leksikon har artiklar om til dømes kva advent er.

Fagansvarlege står for kvalitetskontroll av innhaldet i SNL Dei skriv også mange av artiklane. Ein fagansvarleg er ein fagperson som forvaltar ein liten del av leksikonet. Mange av dei er tilsett på universiteta.

Temaområde i SNL er Natur og teknologi, Samfunn og historie, Kunst og kultur. I tillegg kjem spesial-leksikona Norsk biografisk leksikonStore medisinske leksikon og Norsk kunstnerleksikon.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close