Velg en side

Visste du at du finn ordbøker også som app, nettkurs og ei rekkje tips om skriving og språkreglar frå Språkrådet? Språkrådet arbeider med spørsmål om dei norske målforma bokmål og nynorsk – både for offentlege institusjonar og ålmenta. Språkrådet blei etablert i 2005, og kom etter tidlegare Norsk språkråd og Norsk språknemnd.

Sjå ressursane til Språkrådet her.
Her finn du ordbøkene for bokmål og nynorsk, som du også kan laste ned som app.

Utsnitt frå sprakradet.no

I desember kan du delta på Språkrådet sin adventskalender. Du finn den til høgre på hovudsida deira.

Kva med å ta eit timelangt nettkurs i nynorsk? Under tema språkhjelp finn du tips om skrivereglar og grammatikk, og du kan også stille spørsmål om språk. Dei har også ein eigen termwiki for deg som er på jakt etter fagord og temaside særskild for deg som vil lære meir om klarspråk.

Språkrådet delar også ut årlege prisar og kårar årets nye ord. I 2019 var årets nyord “klimabrøl”. Sjå oversikta over nyorda dei andre åra her. 

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close