Velg en side

Slettmeg.no er ei gratis råd– og rettleiingsteneste for deg som ønskjer hjelp til å få fjerna innhald om deg sjølv på nett. Tenesta er levert av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), ein uavhengig ideell organisasjon.

Om du har bruk for hjelp kan du kontakte slettmeg.no her. Du kan få råd om korleis ein kan få fjerna informasjon frå nettet, både i høve til kanalar og metodar, men også reint teknisk.

Det er ikkje berre bilde eller film som kan bli spreidd av andre utan at du ønskjer det. Mange har utfordringar med å få slette innhald dei sjølv har laga. På slettmeg finn du ei rekkje rettleiingar om korleis du får sletta ein konto du har oppretta i sosiale media som du ikkje ønskjer å bruke lenger.
Her finn du t.d. ut korleis du kan slette ein konto på snapchat.
Her får du hjelp til å tilbakestille passord på Facebook. 

Utsnitt frå slettmeg.no

På slettmeg.no finn du rettleiingar, mellom anna om kva som er straffbart på internett.

Du finn også artiklar om lovar og rettar i tilknyting til personvern, ytringsfridom osb.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close