Velg en side
Norgeshistorie.no fortel om Noregs historie frå steinalderen til i dag. Her finn du over 600 forskingsbaserte artiklar, skrivne av meir enn hundre historikarar, arkeologar og andre fagfolk. Nettstaden formidler historie i eit lett forståeleg språk, og du møter eit breitt spekter av synspunkt frå eit mangfaldig fagmiljø.

Målgrupper

Målgruppa for Norgeshistorie.no er alle som er interesserte i norsk historie. Det er lagt vekt på enkelt og godt språk, som gjer at innhaldet passar godt for skuleelevar. Her er også fleire undervisningsopplegg om ulike historiske tema.

Kven står bak?

Nettstaden er utvikla av Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo, og er ein del av formidlingsarbeidet ved Det humanistiske fakultet. Over hundre av dei fremste fagpersonane i Noreg innan historie, arkeologi, statsvitskap og andre fag står bak artiklane. På nettstaden finn du ei alfabetisk liste over alle forfattarane.

Utsnitt frå Norgeshistorie.no

På Norgeshistorie.no finn du informasjon om historia til Noreg frå eldre steinalder og fram til vår tid.

Norgeshistorie.no er finansiert av Universitetet i Oslo med støtte frå Fritt Ord.

Opphavsrett

Alle tekstar på Norgeshistorie.no kan lastast ned og ein kan sitere og skrive ut ved å oppgi forfattar og utgjevar tydeleg og helst med lenke tilbake til Norgeshistorie.no (Norgeshistorie.no/UiO).

Om du ønskjer å bruke noko av materialet til kommersielle føremål eller publisering, må du kontakte fagleg leiar Ellen Cathrine Lund for avklaring.

Det grafiske materialet kan ikkje nyttast uten vidare. Mykje av det er ikkje eigd av norgeshistorie.no.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close