Kunnskapsbasen Grind er Universitetet i Bergen sin portal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø, henta frå forskarar ved Universitetet i Bergen og frå fagmiljø som Bjerknessenteret, Havforskningsinstituttet, forvaltningsmiljøa og musea på Vestlandet. Utgangspunktet for GRIND er dei to kunnskapsbøkene om Hordaland; Kulturhistorisk vegbok (1993) og Naturhistorisk vegbok (2004).
Nonneseter kloster
Nonneseter kloster blei grunnlagt på første halvdel av 1100-talet, litt utanfor Bergen. I dag er det berre ein tårnfot og eit frittståande korkapell/sakristi att. Du finn desse delane av klosteret rett ved Bybanestoppet Nonneseter i Bergen.
Ein kan undre seg korleis det såg ut ein gong. På Grind finn du ei digital visualisering av klosteret ein fin vårdag i 1320 (laga av firmaet Arkikon). Sjå visualiseringa og les meir om Nonneseter kloster her.
Primstaven
21. desember er det Tomasmesse – dagen er merka av på primstavar. Det var viktig å brygge godt øl til jul, og heile prosessen måtte starte så tidleg at ølet blei ferdig i tide. På Tomasmesse-dagen helte dei ølet på kaggar og bad inn naboar og vener for å smake. På primstavane er dagen gjerne merka med ei tønne, og juledagen 25. desember er merka med eit drikkehorn. Her kan du lese meir om primstavane på Grind.no.