Helsebiblioteket

Helsebiblioteket.no gir samla tilgang til ei rekkje ressursar med kvalitetssikra og oppdatert helseinformasjon til helsepersonell og andre.

Helsebiblioteket.no vert drifta av Folkehelseinstituttet og finansiert over statsbudsjettet. Helsebiblioteket skal bidra til å

  • heve kvaliteten på helsetenestene
  • betre pasienttryggleiken gjennom å gi enkel tilgang til oppdaterte og kvalitetsvurderte kjelder for helsepersonell

Hovudmålgruppa er helsepersonell og studentar i medisin og helsefag. Tenesta innheld fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrift og andre kunnskapsressursar. Samstundes blir dei fleste av oss ein eller annan gong i livet pasient eller pårørande, og kan ha nytte av kvalitetssikra og oppdatert helseinformasjon. Delar av tenesta er laga spesielt for desse målgruppene.

Omsorgsbiblioteket

Omsorgsbiblioteket er ein del av helsebiblioteket.no. Omsorgsbiblioteket er et nasjonalt elektronisk bibliotek som samler, oppsummerer og tilgjengeliggjør forskning, utviklingsarbeid og andre kunnskapsbidrag om helse- og omsorgstjenestene i kommunene. Biblioteket driftes av Senter for omsorgsforskning.