Bøker på ulike språk

Ute etter bøker på andre språk enn norsk? På Verdensbiblioteket kan du strøyme gratis e-bøker og lydbøker på fleire språk. Det flerspråklige bibliotek har dessutan bøker, filmar og språkkurs på ei heil rekkje språk.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er ei gratis strøymeteneste med e-bøker og lydbøker på fleire språk. Biblioteket inneheld både barne- og vaksenbøker, skjønn- og fagbøker på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, tigrinja, tyrkisk, ukrainsk, persisk og somali. Å opprette ein brukar er gratis. Det einaste du treng er ei gyldig e-postadresse.

Verdensbiblioteket er eit samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Sverige og Danmark.

Det flerspråklige bibliotek

Nasjonalbiblioteket driv også tenesta Det flerspråklige bibliotek. Her kan du finne bøker, filmar og språkkurs på ei rekkje språk. Som privatperson har du tilgang til samlinga via ditt lokale bibliotek. Biblioteket kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i.

Om du har eit nasjonalt lånekort kan du ofte sjølv tinge titlar gjennom søket og få det sendt til biblioteket ditt. Søk i Det flerspråklige bibliotek. Trenger du rettleiing kan det lokale biblioteket ditt hjelpe deg.