
Månadlege artiklar for bibliotek
Kvar månad publiserer seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune minst ein artikkel i ein felles norsk artikkeldatabase for bibliotek. Alle biblioteka i fylket (og elles i landet) kan dele desse artiklane gratis på sine nettstader.
Du kan dele artiklane:
- gjennom ei «abonnementsordning» i WordPress. Då legg vi ut artiklane direkte på biblioteknettstaden din.
- gjennom å hente dei sjølv til eigen nettstad via styringspanelet i WordPress. Sjå rettleiing (pdf)
- Bibliotek som ikkje har nettstad i WordPress, kan få tilsendt artiklane i andre format.
Vil de abonnere på artiklar til biblioteket sin nettstad?
Ta kontakt om du ønskjer abonnement, å få tilsendt artiklar eller har spørsmål: lena.jensen.glesnes@vlfk.no
Varsling om nye artiklar
Vi varslar med e-post når vi har publisert ein ny artikkel. I tillegg legg vi ut lenke til nye artiklar på Facebook-sida til bibliotekutvikling Vestland.
Del gjerne artikkelen på eigne Facebook-sider. Det beste er å publisere artikkelen på eigen nettstad først, og deretter lenke til denne i Facebook-innlegget. Deling av artiklane i sosiale medium har svært mykje å seie for om innhaldet vert lest. I tillegg er det med på å gjere nettstaden og bibliotektenestene elles betre kjend.
Innhald i artiklane
Artiklane våre omhandlar mellom anna leseinspirasjon, bibliotektenester og kvalitetssikra kjelder, og blir produserte av oss på seksjonen eller kjøpt inn frå andre i samband med prosjekt/arrangement. Basen inneheld i tillegg artiklar frå andre bibliotek i heile landet, som de også kan dele.
Sjå oversikt over tidlegare artiklar frå bibliotekutvikling Vestland.