Utfordringar med å låne inn bøker frå andre bibliotek

På grunn av konkurs hos transportleverandøren Norsk bibliotektransport AS, er transport av bøker mellom bibliotek mellombels ramma.

Dette betyr at fjernlån og innlån frå andre bibliotek kan vere heilt eller delvis utilgjengeleg i ein periode.