Velg en side

I år markerer vi at det er 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Skeivt kulturår løfter fram kunst, kultur og historier i samband med kjærleik som no toler openheit.

Kjærleik er kjærleik

Grunnkjenslene er dei same, anten ein er homofil eller heterofil. Likt som i fleire andre land har graden av aksept endra seg mykje når det gjeld lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Det handlar om likeverd, som er kjempa fram av enkeltpersonar og organisasjonar.

Kampen for å vere den ein er

Illustrasjon av knytta neve, Skeivt kulturår 2022

Skeivt kulturår markerer 50-årsjubileet for avkriminaliseringen av homofili i Norge.

Skeivt kulturår vil spegle mange fargar og uttrykk, mellom anna i ein bibliotekturné i Vestland med barneboka «Kampen» av Geir Egil Eiksund.
Andreas på 11 år gler seg til å spele fotball i sommarferien, og hjarta hans bankar fortare for ein gut som flyttar til bygda. Boka handlar om vennskap, kjærleik og sjalusi, og om å bli kjend med seg sjølv på nytt. Her kan du lese eit utdrag av «Kampen» (samlaget.no).
Ei bok med liknande tema for ungdom er «Svarttrasta syng om natta» av Tone E. Solheim. Felles for bøkene er at dei handlar om personar i bygdemiljø. Les om begge bøkene på periskop – kritikk av kunst for barn og unge (periskop.no).

Gjennom historia har det blitt skrive tekstar som viser romantiske kjensler mellom to av same kjønn, som i oldtida hos diktaren Safpo på Lesbos. Eit døme frå andre halvdel av 1800-talet er diktet «Då eg om kvelden fekk høyra» av Walt Whitman, gjendikta av Jan Olav Gatland (nb.no).
Musikkartistar lagar songar med tekstar som tek opp slike tema. Girl in Red er artistnamnet til Marie Ulven. Ho er blitt eit førebilde mellom anna for lesbiske jenter. Les om bakgrunnen og karrieren til Girl in Red (snl.no).
Kunstmuseet KODE i Bergen skapar undersøkande rom i ei utstilling i to delar, med overskrifta «Det skeive blikket». Den eine delen viser eldre og nyare kunst, som speglar temaet. Her kan du lese ei melding av utstillinga (nrk.no) Den andre delen består av verk frå inviterte samtidskunstnarar.

Frå eg til vi

– Nordmenn er jenter som er glade i jenter. Gutar som er glade i gutar. Og jenter og gutar som er glade i kvarandre. Slik uttrykte Kong Harald seg i ein tale. (aftenposten.no). Likevel er det ikkje alltid like lett å først bli glad i seg sjølv, eller å kjenne seg som ein del av ei gruppe. Det kjem fint fram i denne kronikken frå Hege Wikan, som kjente seg råka av serien «Skam» (nrk.no).
Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen har mange historiske kjelder i artiklar og intervju. Mellom anna teksten «Da jeg ble vi» skriven av kulturhistorikar Arne Lie Christensen (skeivtarkiv.no).

Å leve som eit heilt menneske

Karen-Christine Friele, mest kjend som Kim, vart ein sentral person i den organiserte kampen for likeverd. I fleire intervju på NRK blir vi nærare kjende med henne og historia (tv.nrk.no). Ho var mellom anna ein av dei første som inngjekk partnarskap, før likekjønna ekteskap vart mogleg.
Ho snakkar i eit intervju frå 1980 om intolerante haldingar i Den norske kyrkja. Der har mykje skjedd i ettertida. I eit innlegg etter bispemøtet i år skriv biskopane at kyrkja har påført homofile stor skade og smerte (kirken.no). Skeive møter framleis stor motstand i ein del andre religiøse organisasjonar.

Utfordringar finst

Sommaren si hending med skyting i Oslo like før Pride-markeringa, minner ein om at ein må halde fram med arbeidet for likeverd. Undersøkingar viser at fordommar og hets kjem fram på ulike måtar, og at det til dømes kan skremme folk frå å ytre seg og delta (forskning.no).  
Ser ein ut i verda, er det i fleire land strenge straffar og forfølging for homofile. Likevel er det teikn i enkelte land om meir aksept og openheit, trass motstand frå grupperingar og styresmakter. I sommar vart Europride halden i Beograd. Her kan du lese ein artikkel om Pride i Serbia: «Et historisk vendepunkt for skeive rettigheter» (blikk.no).

 

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Ta gjerne kontakt om du har kommentarar eller innspel.
Bilder: Illustrasjonar for Skeivt kulturår 2022. Design: Metric.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close