Velg en side
Visste du at du kan finne ei rekkje bildebøker gratis på nett gjennom Billedbokhylla? Kva med å lese ei julebok saman i adventa?

Nasjonalbiblioteket scannar norske bøker og gjer tilgjengeleg gjennom Bokhylla, mellom anna bildebøker frå fram til år 2000. I Billedbokhylla er bildebøkene samla så dei skal vere lett å finne og søke i.
Her finn du ei liste over bildebøkene som er samla så langt, og her kan du sjølv søke etter forfattarar, titlar og emne i desse bøkene. Du må vere på nett for å lese, anten på ein PC eller eit nettbrett.

Her finn du bildebøker om jul.

Utsnitt frå bildebokhylla

Det er lett å søke i bildebokhylla.no.

 

Billedbokhylla er eit prosjekt frå Hammerfest bibliotek med støtte frå Nasjonalbiblioteket for å gjere bildebøker meir tilgjengeleg for barnefamiliar, barnehagar og bibliotek.

Diverre er det ikkje alle bøkene som har like god bildekvalitet i dei digitale versjonane. Her finn du ei eigen liste med dei bøkene som har best digital kvalitet.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close