Velg en side
Utsnitt frå PressreaderKanskje du har tid og lyst til å laga eigne julegåver i år?
På biblioteket får du, via Pressreader, gratis digital tilgang til fleire handarbeidsmagasin som kan gi inspirasjon til eigenproduserte julegåver.
Les tidsskrifta på ditt eige nettbrett, pc eller smarttelefon. Dei fleste biblioteka tilbyr også tilgang via innlogging med lånarnummer. For meir informasjon, ta kontakt med biblioteket!

Korleis brukar eg tenesta?

For å få tilgang til Pressreader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Pga. korona er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar om gongen.
På pc går ein inn på Pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk.

Meir om digitale aviser og tidsskrift via Pressreader

Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er Pressreader eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar – eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.

I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteka gjerne elles ikkje har råd til å abonnere på.

“Quick start guide” på nettsida til Pressreader (engelsk).

Nasjonalbiblioteket si avisteneste

Du kan også lese landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag, digitaliserte av Nasjonalbiblioteket.

Ein del av avisene er berre tilgjengelege i biblioteka – sjå oversikt kva aviser dette gjeld, og korleis biblioteket kan gi tilgang.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close