Velg en side

Av Jan Anders Timberlid

Interessa for lokalhistorie er sterk i Sogn og Fjordane. Det vitnar ikkje minst dei mange lokalhistoriske tidsskrifta som kjem ut i dei ulike kommunane og regionane, om.

Lokalhistoriske årbøker

Ved årsskiftet 2019/2020 kom det ut årbøker i dei aller fleste av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. I tillegg gir fleire kommunar ut informasjonsblad for kommunen, og mange kommunar gir ut skuleblad og kyrkjeblad som også har med mykje lokalhistorisk stoff.

Allereie i 1910 kom den første årboka ut, Tidskrift, utgitt av Historielaget for Sogn. Sidan har det kome fleire til og nokre har slutta. Ikkje alle blad har kome ut kvart år, men dei fleste er årlege. Det har vore ein auke i talet på årbøker etter tusenårs-skiftet, sist ute var Lærdal og Selje med oppstart i 2017.

Kven skreiv og kva skreiv dei om?

Dei første regionale årbøkene inneheld dikt og forteljingar frå lokale forfattarar og lokalhistoriske tekstar frå fylket. Tidsperspektivet var som oftast frå 1800-talet og bakover.

Seinare har vekta i framstillinga i årbøkene vorte flytta frå ei tradisjonell jordbrukshistorie til ei meir kvardagshistorie. Det gjeld både dei lokale årbøkene, men også dei regionale.

Framsider på lokalhistoriske tidsskriftDette var mennene sin boltreplass, fram til slutten av 1970-åra finn vi få døme på at kvinner hadde artiklar i desse bøkene. At det var mennene som skreiv, gav seg også uttrykk i innhaldet: det er mannfolka som vart omhandla og det var deira perspektiv som dominerte. Men det er ikkje alle menn det var interessant å skriva om, stort sett er det ”bygdens beste menn” saman med øvrigheit som lensmann, prest, fut og sorenskrivar som får framstilt si historie.

Frå 1980 kom det bidrag også frå kvinner, ikkje berre ved at dei skreiv, men det kom også fleire artiklar med eit kvinneperspektiv.

Merksemda på kvardagshistoria stod etterkvart sentralt, og denne tendensen lever framleis i dei lokalhistoriske årbøkene. Vi ser også at tematisk sett har mangfaldet vorte større.

I starten var det hovudsakleg historikarar som skreiv, men etterkvart som utdanningsnivået i samfunnet auka, vart det fleire ulike bidragsytarar. I dei seinare tiåra er det i stigande grad den jamne mann og kvinne som skriv og desse publikasjonane representerer den folkelege delen av lokalhistoria.

Årbøkene er ofte rikt illustrerte og har ein moderne layout. Det inneber trykk på glansa papir og større og mindre bilete i god kvalitet. Mangfaldet i bøkene gjev for det første ei god leseoppleving fordi folk likar å lesa om sine eigne lokalsamfunn.

For det andre styrkar årboka lokalhistorisk kunnskap og identitet, ho er med på å gje folk ei kjensle av å ”høyra til”, vera ein del av eit fellesskap. Dessutan er ho med og sikrar kunnskap om fortida som elles ville gått tapt.

Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (Fjognedok)

Årbøkene inneheld mange artiklar med ulike emne og for å letta arbeidet med å finna tilbake til artiklar om eit spesielt emne, har Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no Bibliotekutvikling Vestland) registrert alle artiklar frå dei lokale tidsskrifta i ein søkbar base, “Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane“. Her kan ein søka på m.a. forfattar, tittel, emne og tidsskrift. Er ein på jakt etter eit spesielt tema (t.d. bunader, landbruksreiskapar, sparebankar, m.m.), skriv ein dette inn i feltet for tema/emne. Då får ein  opplysningar om desse artiklane og i kva tidsskrift dei har vore publiserte.

Nokre av artiklane i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane har lenke til Nasjonalbiblioteket sin fulltekstversjon av tidsskrifta slik at ein kan få teksten direkte opp på skjermen.

Korleis få tilgang til årbøkene

I tillegg til at Nasjonalbiblioteket har digitalisert ein god del av årbøkene, vil dei aller fleste folkebiblioteka ha samla dei lokale årbøkene for sitt område. Lokalhistorie er ein viktig og vesentleg del av biblioteka sine tilbod og alle folkebibliotek har eit ansvar for å ta vare på og til å formidla litteratur frå eigen kommune. Mange av sogelaga har også teke vare på og har for sal, eldre nummer av årbøkene sine.

Nye grenser – nye årbøker?

Med nye grenser, for fylkeskommunar og kommunar, vert spørsmålet om det vert nye årbøker. Det gjeld ikkje minst dei nye kommunane som kom ved årsskiftet 2019/2020. Vil, til dømes, dei nye kommunegrensene i Sunnfjord føra til at dei gamle lokale sogeblada forsvinn og det vert eit felles sogeblad for den nye kommunen Sunnfjord? Og korleis skal lokalhistoria i gamle Hornindal formidlast når no området ikkje berre har vorte del av ein ny kommune, men også eit anna fylke. Det vil dei næraste åra gje oss svar på.

Her kan du lese heile artikkelen frå Jan Anders Timberlid, med utfyllande informasjon (Vestland fylke, bibliotekutvikling).

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close