Velg en side

Kva er Filmbib?

Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetenesta Filmbib. Du loggar på med lånekortnummer og PIN-kode frå biblioteket ditt. Filmbib er også tilgjengelig på mobile einingar.
Her kan du laste ned Filmbib-appen til iOS.
Her kan du laste ned Filmbib-appen til Android.

Kva for filmar?

Alle filmane er kjøpt inn gjennom den nasjonale innkjøpsordninga for film ved Norsk filminstitutt. Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men også fleire filmar som går attende i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar. Det blir stadig lagt til nye filmar.

Her finn du ein finurleg kortfilm om dei to grantrea Marte og Olaf. Dei har funne kjærligheten og nyt det fredelege livet i skogen. Plutseleg skjer det noko som endrar liva deira for alltid.

Døme på filmframsider frå Filmbib

På Filmbib.no finn du til dømes animasjonsfilmar.

Vilkår

Retten til å nytte filmane gjeld privat bruk og bruk i undervising. All annan bruk må avklarast for kvar enkelt film. Vising, kopiering, nedlasting, redigering eller spreiing av materiell utan eksplisitt tillating frå rettshavar er ikkje tillete.

Her finn du svar på tekniske spørsmål: FAQ. For direkte support kan du kontakte filmbib@dvnor.no

Følg Filmbib på Facebook  for nyhende og anna informasjon.

 

Korleis bruker eg Filmbib?

Vi har laga ein litan film om korleis du brukar Filmbib:

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close