Velg en side

Kva skal vi spørje om?

Kva bør vi snakke med barn om før dei går i gong på sosiale medium? Når skal dei få lov å starte? Mange har meiningar i kring om barn og bruk av media, og ein kan kjenne seg både uroa og usikker. I rettleiingane til Medietilsynet finn du oppdaterte og kvalitetssikra råd. Det finst ikkje ein enkel fasit på alle spørsmål, men kan hende finn du spørsmåla du bør stille deg sjølv før du tar avgjerslene.

Felles mål

Å ruste barn til å bli kompetente mediebrukarar er ei omfattande oppgåve. Medietilsynet er underlagt Kulturdepartementet og har mellom anna som oppgåve å rettleie om barn og unge sin bruk av digitale medium. Anten du er forelder, lærar eller ein annan vaksen er målet med rettleiingane å gi kunnskap og råd, og samstundes beskytte barna mot skadeleg innhald.

Utsnitt frå Medietilsynet, rapport om barn og medier frå oktober 2020

Medietilsynet står bak den årlege undersøkinga om barn og medium.

Her kan du lese rapporten for den årlege undersøkinga om barn og medium frå 2020 (pdf).

Rettleiingar med ulike målgrupper

Svært mange barn i Noreg nyttar sosiale media, også før aldergrensa. Kva bør du vete om tenesta, og kva må du snakke med barna dine om når dei går i gong? I rettleiinga «Skal – skal ikke… Barnet mitt på sosiale medier. Dette trenger du å vite» står det forslag til tema du bør diskutere med barnet. Til dømes; Kva er greit og ikkje greit å seie på nett når ein kommenterer bilder og statusoppdateringar, og kvifor? Kva kan ein dele, kva bør ein ikkje dele og kva gjer ein om ein opplever noko ubehageleg?

Korleis fungerer dei eigentleg?

I denne rettleiinga får du ein kortversjon av korleis dei mest populære mediene fungerer: Foreldretips om Tiktok, Instagram, Snapchat og Youtube 

Små barn og skjermbruk er også tema mange er usikker på. I rettleiinga «Små barn og skjermbruk – ein god start» får ein tips til å skape gode opplevingar for barna frå starten av, meint til foreldre til barn frå 0 – 6 år.

Det er også ei rettleiing særskild om spillbruk, ei om nettmobbing og fleire undervising- og diskusjonsopplegg for ulike aldersgrupper og vaksne om digital dømmekraft på ulike måtar.

Her finn du rettleiingane om barn og medier samla.

Translate »

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close